Feltet inneheld følgjande gravhaugar: Nedstehaugen, Fetts fk.nr. 1/1, ligg15 m frå terrassekanten og på bnr. 26, lengst i NO. Haugen er 18 m i tvm., 1,75 m høg, men no noko utplanert. Haugen er dekka med tjukk torv og svært tilgrodd med kratt. Storhaugen, Fetts fk.nr. 1/2, går i eitt med kanten og ligg 15 m VSV for 1. Han er 30 m i tvm., 3 m høg, bygd av sand og ein og annan stor stein. Haugen vart utgraven 1882 av A. Lorange og ettergraven 1923 av Johs. Bøe. Truleg høyrer heile funnmaterialet til same grava, den som i 1923 vart funnen 3-4 m frå vestre haugkant. Her var ein mannslag kiste av kantsette heller, orientert NO-SV, med ei kvinnegrav frå eldre jernalder. Haugen er restaurert og er no tilvaksen med tjukk torv. Det står elles nokre furer og bjørketre på haugen og det veks ein del kratt langs kantane. Vetlehaugen, Fetts fk.nr. 1/3, låg på bnr. 20, markert berre som ei høging i lendet, 30 m SSV for 2. Under registreringa var det vanskeleg å erkjenne også denne høginga. Haugen var i si tid 15-20 m i tvm. Haugen Fetts fk.nr. 1/4 ligg 10 m frå kanten, 40 m S for 2. Han er 20 m i tvm. og 3 m høg. I toppen er ei 5 m vid grop. Haugen er tilgrodd med lyng og det veks mykje kratt på og rundt haugen. Haugen Fetts fk.nr. 1/5 ligg på bnr. 16, 15 m S for 4, 40 m frå terrassekanten. Han er 20 m i tvm. og 2,5 m høg. I toppen er ei djup grop. Haugen er mykje overgrodd av kratt. I NO er kasta inntil ein del rydningsstein. I SV-skråning er planta 3 epletre. Haugane 4 og 5 er kalla Eirikshaugadn. Haugen Fetts fk.nr. 1/6 ligg 30 m V for 5, heilt ute på kanten. Han er 25 m i tvm., opphavleg snautt 4 m høg, men no utjamna til 2,5 m høgd. Det gror gras på den nesten snaue, flate toppen, elles er det ein del kratt rundt. Haugen vart utgraven og restaurert 1882 av A. Lorange. Haugen var bygd med sand over ei 1 m høg, flat kjernerøys, som ikkje nådde nærare kanten enn 2 m. Langs nordre haugkant gjekk ein 12 m lang steinmur. Om lag 2 m S for røysmidten var på botnen bygt eit rundt rom med mura vegger. Golvet var ei rund helle og taket var ei helle. Rommet var ein snau meter i tvm. og drygt 1 m høgt. Kjernerøysa lyfte seg nett over rommet til 1,75 m høgd. Gravfunnet, ei brend mannsgrav frå eldre jernalder, hadde vore innpakka i never eller lagt i nevertine. Haugane 4-6 vart kalla Rognaldshaugane etter bruksnamnet Rognaldsgarden før jordskiftet. Haugen Fetts fk.nr. 1/7 ligg 10 m SV for 6, på Voll bnr. 4, heilt ute på terrassekanten. Han er 25 m i tvm., 3 m høg, svært øydelagd i toppen og mykje tilgrodd med kratt. I sjølve haugkanten i S vart ei hellekiste utgraven i 1913 av Haakon Shetelig. Ho var mannslang O-V, med tjukke heller og ujamnt helletak. Her vart konstatert tre gravleggingar, alle frå eldre jernalder. Grav 1 på botnen inneheldt ei ubrend kvinnegrav (+ barn ?) med hovudet mot O. Grav 2 inneheldt ei brend dobbelgrav som var innlagd etter at sakene frå grav 1 var sopte saman i austre ende. Grav 3 inneheldt ei ubrend mannsgrav med hovudet mot O. Haugen Fetts fk.nr. 1/8 ligg på terrassekanten 9 m SSV for 7. Han er 18 m i tvm. og 2 m høg. Toppen er avskaven mot NV. Haugen er grasgrodd og ein del tilgrodd med kratt. Haugen vart utgraven og restaurert 1882 av A. Lorange. Han var bygd av store steinar under moldblanda sand. På botnen litt O for midten låg ei bålmørje dekt av mindre rullesteinar. Her låg grav 1 som inneheldt ei brend mannsgrav frå eldre jernalder. Grav 2 låg tett utanfor vestre haugkant og inneheldt ei mannsgrav i båt frå yngre jernalder. Kjelhaugen, Fetts fk.nr. 1/9, ligg på terrassekanten 7 m SSV for 8. Han er18 m i tvm. og 3 m høg. Han er sterkt skadd i toppen, grasgrodd og mykje tilgrodd med kratt.