• 110775

    id
    • 110775
    datafangstdato
    • 2002-09-10T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-09-24T10:59:51Z
    informasjon
    • Dette er ei samling med tufter som ligg i eit stølsmiljø med ståande ruinar, sel og hytter i området mellom vegen og elva Isdøla i området ved Kleivane, om lag 875 meter over havet. Samlinga består av til saman fem tufter, men ei nærare registrering kan avdekke fleire. Dei er tilvaksen med gras, lyng og einer. Veggvollane er låge med stein synleg nokre stader. Det vart ikkje teke prøvestikk i tuftene, men sondering med stikkbor synte trekol i alle. Det er difor gode mogelegheiter for nærare undersøkingar for tidfesting av tuftene ved eit seinare høve. På grunnlag av form, utsjånad og tidlegare erfaring skriv dei registrerte tuftene innanfor dette historisk kjende stølsområde, seg truleg frå mellomalder eller jernalder. Av erfaring veit ein at stølsområda ofte har vore nytta i både mellomalder og langt attende i jernalder. Tilstanden for tuftene er god, men etter som området er i bruk i nyare tid er det truleg henta stein frå tuftene til å bygge nye sel og hytter. Storleiken på tuftene varierar ein del, der to her ei lengd på vel 5 meter og ei breidde på vel 4,5 meter, medan tre er om lag 10 lange og vel 6 meter breie. I ei av tuftene er det spor etter romdeling.
    kommune
    • 4619
    kulturminneId
    • 110775
    lokalId
    • 110775
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217