Lok 4b ligg på ei flate høgare opp i terrenget for lok 4. Varierande stratigrafi. Det var matjord blanda med stein og grus, under dette grov sand og grus som vart noko finare mot botn. Det var funn i begge laga. Også påvist lys matjord over eit mørkare, sandig, matjordslag med enkelte kolbitar. Laget vart ikkje tolka som kulturlag eller dyrkingslag då det synest å vere lite feitt og lite kolhaldig. Laget er funnførande.