Haug, no berre restar att, låg kant i kant med fk. 2/2 mot O og var 8 m i tvm., snautt 1 m høg. Ein halvmeter V for midten fanst ei lita kiste dekt med små heller, veggen i V var ei helle, i O ein liten mur, i S og N var ho open. Her låg B 6892 i lett kolblanda jord. Ettergraven 1916 (Olav Espevoll). Haugen var bygd over ein kul i lendet, på botnen var eit 5 cm tjukt, lett kolblanda jordlag, derover 20 cm brun jord, så 10-15 cm småfallen stein og grastorv. I åker nær haug 2-3 fanst ein beltestein.