Lokaliteten er definert ut frå to funnførande prøvestikk; AR7 og TEL40, som tilsaman har 221 funn. Den er godt naturleg avgrensa mot aust, vest og nord. Mot sør er lokaliteten avgrensa og skilt frå lokalitet 2 gjennom dei 4 negative prøvestikka TEL33, TEL34, TEL41 og AR6. I aust og vest avgrensast lokaliteten av berg i dalsidene. Mot nord går det ei bratt slukt ned mot ein aust-vest-gåande kløft. Utbreiinga til lokaliteten er om lag 250 m2.