• 111334-1

    id
    • 111334-1
    datafangstdato
    • 2007-08-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-10-18T14:37:45Z
    informasjon
    • Her er gravd 18 prøvestikk, 13 positive og 5 negative. I tillegg er det gjort eit funn under eit rotvelt. Det er gjort totalt 283 funn, og det er påvist kulturlag i tre av prøvestikka, nordaust på lokaliteten. I aust ligg lokaliteten mellom tre låge svaberg. Det negative prøvestikket TEL85 avgrensar mot nordaust. Det manglar negative prøvestikk aust for AKS30, men draget aust for stikket har lite eller ingen lausmassar. Saman med den relativt låge funnfrekvensen i AKS30 tydar dette på avtakande funn i denne retninga. I sør avgrensast lokaliteten av eit aust-vest gåande svaberg. Svaberget er relativt lågt mot aust, men stig kraftig mot vest. I sørvest er det også to negative prøvestikk, TEL73 og TEL78. Mot nordvest manglar avgrensande prøvestikk så lokalitetsgrensa er her sett inntil ein bergknaus, om lag 12 meter frå det positive prøvestikket TEL89 (er ikkje med på planteikninga). Over bergknausen går eit gjerde i retning nord-sør. Dei fire prøvestikka nord for det aust-vest-gåande gjerdet er alle positive, men om lag 3-4 meter nord for desse stikka er ein liten bergkant med tynt vegetasjonsdekke. Lokaliteten si nordgrense er sett til denne kanten. Lokaliteten dekkjer eit areal på om lag 2300 m2. Lokaliteten ligg mellom 10 og 12 meter over havet.
    kommune
    • 4626
    kulturminneId
    • 111334-1
    lokalId
    • 111334-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217