Dette anlegget ligg på ein myrholme mellom Nonstølen og Holmeslåtta, og består av tuft, slaggutkast og ei kolgrop. I tillegg er ein del nærliggande kolgroper tatt med under denne lokaliteten. Slaggutkastet verkar vere relativt tynt (5-10 cm tjukt), og dekker eit areal på 3x2 m. På ei flate rett ovanfor dette ligg ei tuft på om lag 3x3 m. Prøvestikking i tufta påviste eit tydeleg neverlag, som truleg er restar av taket i tufta (litt never frå dette prøvestikket er tatt inn som prøve). Ei kolgrop ligg om lag 5 m ØSØ for tufta.