Denne lokaliteten ligg på ein morenerygg som hellar ned mot nord og aust. Flata er tilvaksen med gras og glissen bjørkeskog, og verkar noko rydda. Ytterst på ryggen ligg ei kolgrop, som deler voll med ei tuft i vest. Noko lenger mot SV ligg ei mindre kolgrop. Tufta er nærast kvadratisk, med ein 0,7 m brei veggvoll og opning i det NØ hjørnet. Prøvestikking påviste eit om lag 10 cm tjukt kollag i golvflata til tufta.