Lokaliteten består av ei stor kolgrop og to mindre. Den store kolgropa ser ut til å vere gjenbrukt som hustuft, noko syllsteinar i vollen til gropa indikerer. Vollen til gropa verkar også å vere noko utplannert. I tillegg blei det med metallsøkar påvist eit lite slaggutkast i den SØ delen av vollen til gropa/tufta. Det er noko usikkert om tufta er samtidig med jarnutvinninga, eller om det er ein seinare konstruksjon. I milebotnen til kolgropa/tufta ligg det enkelte steinar. Desse kan indikere eit omnsområde på lokaliteten.