Lokaliteten består av ei tuft, truleg med to rom, og eit slaggutkast. I tillegg er ein røsteplass noko lenger NV på setervollen tatt med under denne lokaliteten. Tufta verkar vere gravd ned i ein naturleg rygg i terrenget, med eit markert trinn ned frå bakrommet (lengst S) til framrommet. Bakrommet har ei golvflate på om lag 5x5 m, medan framrommet er noko mindre (2x3 m). Omnsområdet (eller ¿områda) ligg truleg i opninga N for framrommet. Slaggutkastet ser ut til å vere om lag 5x7 m i omkrets og 30 cm tjukt, og ligg utanfor den nedre kortsida til tufta. Ein kolprøve er tatt ut frå eit prøvestikk i slaggutkastet.