Lokaliteten blei fyrst registrert som kolgrop, men ved bruk av metallsøkar blei det påvist eit slaggutkast nedanfor gropa. Det blei også påvist noko slagg på den andre sida av gropa. Prøvestikking i slaggutkastet viste at dette var om lag 20-30 cm tjukt. Utkastet er om lag 4x3 m i utstrekking. Prøvestikking i kolgropa viste at det var lite kol i denne. Vollen har dessutan teikn til ei opning i sør (mot slaggutkastet). Følgeleg kan det dreie seg om ei tuft, eventuelt ei kolgrop gjenbrukt som tuft. Omnsområdet til jarnvinneanlegget ligg truleg på ein flate mellom kolgropa/ tufta og slaggutkastet.