• 112086-1

    id
    • 112086-1
    datafangstdato
    • 2007-03-15T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-11-14T12:00:11Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Det er tatt fem prøvestikk på lokaliteten. Det vart påvist eit sterkt kolblanda sand og gruslagt i tre av prøvestikka. Kollaget er mellom 14 og 4 cm tjukt. Det er tatt ut ei C14-prøve frå det kolhaldige laget (lag 4) i prøvestikk 1. Kolprøva er datert til Cal Ad 680 - 810. Kollaget representerer sannsynlegvis aktivitet knytt til sjøbruk, ei mogleg nausttuft som i dag ikkje er synleg i markoverflata. Beskrivelse fra Enkeltminne: Det vart tatt fem prøvestikk på lokaliteten. I tre av prøvestikka vart det påvist eit sterkt kolhaldig grus og sandlag. Prøvestikka var mellom 40 cm og 50 cm djupe. Det kolhaldige laget minkar i tjukkleik mot sjøen, i prøvestikk 1 er laget 12 cm tjukt, i prøvestikk 2 er laget 10 cm tjukt og i prøvestikk 3 er laget fire cm tjukt. Massen i dei tre prøvestikka vart solda i sjøen. Det vart ikkje gjort funn i den solda massen. Det vart tatt ut kolprøve frå lag 4 i prøvestikk 1. Dette er C14 datert til merovingartid/vikingtid, Cal AD 680-810. Kollaget er etter all sannsyn restar etter aktivitet knytt til sjøbruk. Kollaget kan representere restar etter ei nausttuft som i dag ikkje er synleg i markoverflata. 15.03.2022 vart lokaliteten avgrensa med fem prøvestikk som varierte i djupn mellom 40 og 80 cm. Lokaliteten var i 2006 lagt inn med utgangspunkt i tre positive og to negative prøvestikk og utgjorde ca. 1,5 dekar. Ut frå søknad om å oppruste traktorvegen i sør og aust frå flaumskade, vart det gjort ei mindre registrering for å finne ei korrekt avgrensing av lokaliteten. Det viser seg at lokaliteten i sør kunne trekkjast om lag 10 meter i nordleg retning, medan den i aust kunne trekkjast mellom fire og fem meter vestover. I nord og vest vart det ikkje teke prøvestikk, men trekol kunne ikkje påvisast med jordbor i lokalitetsgrensa. Store mengder vassføring har grave seg ned i terrenget sør og aust for lokaliteten, litt utanfor sikringsona. Det må nemnast at den austlege delen av lokaliteten var særdeles vassjuk og blaut, sjølv etter ei veke med tørt og fint ver. Det er ikkje usannsynleg at lokaliteten er eit større dyrkingslag heller enn ei mogleg nausttuft.
    kommune
    • 4617
    kulturminneId
    • 112086-1
    lokalId
    • 112086-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2022-03-24T15:11:04Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217