Buplassen ligg ca. 15 m over havflata. I dag er det bygd ei hytte på buplassen. Hytta vart bygd på 1940-talet. I år 2000 vart hytta utvida, og i den samanheng vart buplassen registrert. Buplassen strekkjer seg N, V og S for hytta, med ein storleik på ca 250 m2. I samband med utvidinga av hytta vart det greve på hyttetomta. Jorda vart lagt til sides i ein stor dunge 5-6 m NV for det nye tilbygget - ca. 10 m lang N -S, 5 m brei og opp til 2,5 m høg. I denne jorda vart det funne ei spissnakka, slipt trinnøks. Under registreringa vart her funne ei mengde med avslag, økseemne, flekker, øksefragment og ein stor slipestein.Det vart teke i alt 4 prøvestikk N og V for hytta (sjå plan- og snittekningar). Ca 15 m NNV frå det nordvestre hjørnet på hytta vart det funne avslag av grønnstein, flint og bergkrystall, 8 avslag til saman, prøvestikk 3. 2 m NV frå det nordvestre hjørnet på hytta vart det funne nærare 300 avslag og nokre flekker, prøvestikk 1. Prøvestikk 1 viste at det i området V for hytta var tilført jord frå bygginga av hytta på 1940-talet. Opplysningar frå grunneigar og dei stratigrafiske observasjonane frå prøvestikk 1 er her samsvarande. Under denne påførte jorda fanst eit 45 cm tjukt og urørt kulturlag. Dei fleste avslaga vart funne i dette kulturlaget. Prøvestikk 2, 1,5 m V for midten av verandaen viste seg å vera omrota. Her vart det funne grønnstein, flint og kvarts, 6 avslag til saman. Prøvestikk 4 vart teke mellom 1 og 3. Her var ingen funn.Utstrekninga på steinalderbuplassen er klart avgrensa i A, N og V. I S er avgrensinga meir usikker. Ein må rekne med at buplassen strekker seg eit lite stykke forbi steingjerdet S for hytta. Lokaliteten ble ytterligere undersøkt av Bergen Museum samme året, og en rekke ny funn ble gjort i den anledning (B15822).