Beskrivelse fra lokalitet:
Funnkartet nr. 2. Røys no svært øydelagd, 30 m frå sjøen midt på bøen. Har vore 20 m i tvm. Her har vore ei 2 m lang mura gravkiste med dekkhelle, og der er funne brede bein og store tenner.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røysa ligg dominerande til midt på flaten, dei eldre husa i området har vorte bygd rundt røysa. Røysa er sterkt redusert av steinuttak, mykje er truleg i samband med uttak av ballaststein til jektefarten. Røysa som opphavleg var rund og regulær er no hesteskoforma. Opphavleg har røysa hatt eit tverrmål på 22 meter den har vore 2 til 3 meter høg og laga til på berggrunn.