Tufta er orientert nnv-ssa og har eit indre mål på 2.9 x2.5 m. Tufta har tydlege vollar i vest og aust, desse er truleg bygd opp av stein og jord. Det var ingen stein synlege, men vart påvist ved jordbor. Vollane er dekt med røsslyng og gras. I sør er ikkje vollen så tydeleg, men ei steinrekkje er synleg. Truleg har inngangen vore mot nna, der var det ingen synleg stein eller voll. Vollen i vest er tydlegast og er omlag 160 cm brei. Vollen er om lag 20 cm høg. Det vart stukke med jordbor i tufta for å påvise eventuell eldstad. Det vart ikkje lokalisert, men det var kolfragment i fin, grå sand i deler av tufta.