Beskrivelse fra lokalitet:
Tufter etter støl (Langstøl) som var i bruk fram til nedstemminga i 1953. 1) Eldbutuft som ligg lengst aust, med nokså utviska avgrensing og med eitt rom i sør og eitt rom i nord med are, kan henda endå eit rom aust for dette.Her blei funne slagg, ein bit av ein kopp, 3 sandsteinsbryne, 1 bit av eit sandsteinsbryne, 1 jernkniv, 2 bitar av jernknivar og 3 flintavslag. 2) Løetuft på 1,6 x 3 m som ligg 23 m sørvest for eldbutufta. 3) I området rundt blei det funne bitar av 3 sandsteinsbryne og 1 bronsestykke. 4) 39 m sørvest for eldbutufta og 34 m sør for løetufta blei det funne ein flekk på 1 x 1,5 m med skøyrbrende steinar og fleire bitar slagg med leirklining (omnsforing). Kan henda ligg jernvinneomnen under torva her. I eit større område omkring omnen ligg det mykje slagg. 5) På toppen av ein grusrygg som stikk sørover, 38 m sørvest for løetufta, blei det funne slagg og 2 sandsteinsbryne. 6) Mellom to store steinblokker i aust og vest ligg ei tuft med steinvegger i nord og sør, deld i to rom. Ligg 5 m nordvest for nr. 5.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Tufter etter støl, sett under vatn i 1953. 1) Eldbutuft som ligg lengst aust, med nokså utviska avgrensing og med eitt rom i sør og eitt rom i nord med are, kan henda endå eit rom aust for dette. Her blei funne slagg, ein bit av ein kopp, 3 sandsteinsbryne, 1 bit av eit sandsteinsbryne, 1 jernkniv, 2 bitar av jernknivar og 3 flintavslag. 2) Løetuft på 1,6 x 3 m som ligg 23 m sørvest for eldbutufta. 3) I området rundt blei det funne bitar av 3 sandsteinsbryne og 1 bronsestykke. 4) 39 m sørvest for eldbutufta og 34 m sør for løetufta blei det funne ein flekk på 1 x 1,5 m med skøyrbrende steinar og fleire bitar slagg med leirklining (omnsforing). Kan henda ligg jernvinneomnen under torva her. I eit større område omkring omnen ligg det mykje slagg. 5) På toppen av ein grusrygg som stikk sørover, 38 m sørvest for løetufta, blei det funne slagg og 2 sandsteinsbryne. 6) Mellom to store steinblokker i aust og vest ligg ei tuft med steinvegger i nord og sør, deld i to rom. Ligg 5 m nordvest for nr. 5.