Lokaliteten avgrensast av bergveggen i aust. Mot vest går den til bekken eller til kanten av skjæringa i terrenget som bekken har greve ut sume stadar. Mot nord og sør er lokaliteten avgrensa av dei negative prøvestikka TEL5 og AKS1. Ein bør vere merksam på steinura som ligg midt på lokaliteten. Den er danna av nedrast stein frå bergveggen aust for lokaliteten. Funnfordelinga på lokaliteten er slik at ein kan forvente at det ligg funn under ura, så sant denne er danna etter at lokaliteten var bebudd. Her kan jamvel ha vore overheng/hellar. Funn er i dei fleste prøvestikk gjort i øvre del av matjordlag, ofte med berre 5 cm overdekning. I eitt prøvestikk var kolhaldig humuslag 40-50 cm under overflate (kolprøve sendt inn). Stikket var også funnførande ned dit.