Lokalitet med ein slagghaug og fire kolgroper. Registrert etter opplysningar frå Jan Stokstad. Jakob Brekken og Karl Vibe Müller har nemnt fangstgroper på Meneset, men det er usikkert om det kan vere akkurat desse gropene som er nemnt eller om det kan vere nokon andre. På sjølve Meneset aust for riksveg 51 er det ingen groper.