Lokaliteten strekkjer seg over eit areal på ca 15 x 20 meter. Vegetasjonen er stort sett våtlendt grasmark omkransa av noko bjørk og selje. Det er no omlag 15 år sidan jorda vart driven, så marka har byrja å tue seg noko enkelte stader. Lokaliteten ligg i omlag same høgd som lokalitetane 1B, 2 og 4. Over heile lokaliteten var det 15-20 cm matjord/ åkerjord i øvste laget, vidare eit 15-20 cm tjukt lag med nevestor stein og grus, og under dette, sandbotn.