• 114501

    id
    • 114501
    datafangstdato
    • 2002-08-30T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-02-26T09:12:06Z
    informasjon
    • På Steinestølen vart det funne spor etter førhistoriske tufter, ein skålgropstein kolgroper. Det vart registrert i alt 6 førhistoriske tufter, 9 kolgroper og ein skålgropstein på lokaliteten. Ei av kolgropene, kolgrop 16, skil seg frå dei andre i både form og storleik. Dette kan vera ei groptuft. Tuftene ligg på to stølsvollar på Steinestølen. To av tuftene, tuft IV og V, ligg på den øvste kollen, medan dei fire andre tuftene ligg på den nedste kollen. Kolgropene ligg ved, og like N for den øvste kollen. Steinblokka med skålgroper har lege like NV for tuft VI A og B, men etter å ha vore brukt i grunnmur på eit eldre sel, ligg den i dag i to lause blokker ute på stølsvollen. Blokka vart knust opp då den skulle brukast i selsmuren. Trekol frå tuft VI vart radiokarbondatert til BP 995 +- 75, som gjer kalibrert alder 990-1160 e.Kr (T-16102). Dette plasserar bruksfasen av tufta til overgangen vikingtid/mellomlader. Trekol frå den moglege groptufta vart radiokarbondatert til BP 2540 +- 70, som gjer kalibrert alder 800 - 535 f.Kr (T-16103). Dette plasserar bruksfasen av strukturen til yngre bronsealder. Det vart gjort gjenstandsfunn i tuft IV som typologisk plasserar bruken av tufte til yngre jernalder, dvs. merovingertid eller vikingtid.
    kommune
    • 4621
    kulturminneId
    • 114501
    lokalId
    • 114501
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217