• 114504

    id
    • 114504
    datafangstdato
    • 2002-08-30T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-02-26T09:23:04Z
    informasjon
    • Det vart registrert 17 kulturminne ute på sjølve «Øyne», og 5 på bortsida av elva som renn V for «Øyne». Til saman vart det i dette området registrert 18 tufter (nr. 36, 38-41, 43-47 og 49-56), ei røys (nr. 57), ein steinstruktur (nr. 37), ei kolgrop (nr. 48) og den frå før kjente skålgropsteinen (nr. 42). I tillegg vart det registrert ein skålgropstein (nr. 58) heilt S på Kvitlastølen. Oppe i lia mellom denne skålgropsteinen og «Øyne», A for vegen, vart det registrert fire innhegningar med tufter. Den eine av innhegningane er bygd opp av torv, dei andre i stein. Tuftene ligg spreidd på heile «Øyne», men med den største konsentrasjonen i N. Tuftene X - XII og XXVII, samt ei røys og ein steinstruktur ligg i ei samling S på «Øyne». Tuftene XIII - XXI, samt ei kolgrop og ein skålgropstein ligg N på «Øyne». På bortsida av elva V før «Øyne» ligg tuftene XXII - XXVI. Det er truleg fleire kulturminne enn dei registrerte på lokaliteten. Det vart teke eitt prøvestikk i tuft X. Trekol frå tuft 1 vart radiokarbondatert til BP 750+- 75, som gjer kalibrert alder 1225-1300 e.Kr (T-16104). Dette plasserar bruksfasen av tufta til mellomalder. Det er frodig vegetasjonen av gras, lyng og einer ute på «Øyne».
    kommune
    • 4621
    kulturminneId
    • 114504
    lokalId
    • 114504
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217