Lokaliteten ligg nærast noko uortodoks plassert på ei lita og smal NV-SA-gåande flate med utsyn over Kvernavika. Arealet er om lag 300 m2. Framfor flaten er det bratt ned til sjøen i nordaust, medan hellinga aust for flata er litt slakare. I sørvest er ein låg (ca. 1 meter høg) bergvegg. Eit negativt prøvestikk på flaten ovanfor denne bergveggen. På lokalitetflata veks buskas av lauvtre, einekratt og enkelte furutre. I skråninga ned mot sjøen veks det mest gras. Aust for lokaliteten er ein liten lauvtreskog. I søraust er ein liten skog med furu. Lokalitet 7 ligg like nordvest for lokaliteten.