Det er funne store mengder kol og slagg på terrasseflata mellom bustadhuset og funnstad for stolpehol og eldstad (id nr 115147). Området med med slagg og trekol ligg i eit område 20-30 m sa for bustadhuset og rett sa for nedgang til Jølet. Lokaliteten er ikkje avgrensa. Jølet er eit svært markert skar i terrassebrinken ned til vatnet. Skaret dannar den naturlege nedgangen til naustet og vatnet, og er å oppfatte som ein svært markert holveg. Botn i skaret er attfyltt for å gjere det lettare å køyre, men er framleis svært markert. informant Ryssdalsnes opplyste at det blir fortalt at jølstringane gjekk i land her etter overfarten på Breimsvatn. Straumen er for strid lenger nede. Folk har då gått opp Jølet.