Det vart påvist eit stolpehol og ein eldstad ved underøking i 1986, eit område på 3x3 m vart då avdekka. Funnstaden er ikkje avgrensa. Funnstaden ligg på terrasseflata sa for bustadhuset på bnr 5. Terrasseflata stig litt her slik at strukturane ligg på den høgaste delen av flata. Her er i dag grasmark. Den store flata eignar seg godt for busetnad, den er godt drenert og ligg like ved Jølet, som har blitt sett på som eit samferdselsmessig knutepunkt. Informant Ryssdalsnes opplyste at det blir fortalt at jølstringane gjekk i land her etter overfarten på Breimsvatn. Straumen er for strid lenger nede. Folk har då gått opp Jølet.