• 115761

    id
    • 115761
    datafangstdato
    • 1980-09-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-05-14T22:43:31Z
    informasjon
    • 16 tufter er registrert på Svolset. Dei fleste tuftene er rektangelforma med ein open gavl. Ti tufter har minst to rom, medan seks berre har eitt rom. I alle dei ti toromstuftene er det eine rommet meir solid bygd enn det andre. Det mest solide rommet er oftast også det største. Det minste rommet er av og til noko tilbaketrekt i forhold til det største. Omtrent halvparten av tuftene er orienterte tilnærma nord-sør, med inngang mot elv eller bekk. Ut frå innbyrdes nærleik, og orientering og lokalisering, ser det ut til å skilja seg ut to grupper, med høvesvis fire og tre tufter. Dei andre tuftene ligg meir spreidd. Tuftene trer tydeleg fram i terrenget med godt synlege og solide tørrmurar, men enkelte tufter er heller overgrodde. Av dei 16 registrerte tuftene har 15 synlege murar. Sjølv om forma er lik, varierar storleiken noko. Storleike på romma varierar ein del med innvendige lengder frå 3,3 til 6,9 m, og breidda mellom 1,7 og 4,5 . Bruksarealet i kvart rom varierar ut frå dette mellom ca 6 kvadratmeter og 30 kvadratmeter, medan det totale bruksarealet i tuftene varierar mellom 6 kvadratmeter og 47,5 kvadratmeter. På mange av tuftene er muren solid, opp til 1 m høg. Det varierar kor solide murar det er, noko som truleg har samanheng med ulik bruk. Veggane i dei mest solide romma er fint mura opp av steinar, som ofte har tilnærma rette kantar. Veggane er bygd opp av steinar rundt 1 m innvendig, mindre og meir tilfeldig plasserte steinar utvendig. Tuftene er datert frå romartid til vikingtid, og fleire er samstundes. Prøvestikkar vart retta inn mot eldstad eller kulturlag med kol for å få god kontekst for dateringsprøver. Denne metoden er lite eigna til å avdekka konstruksjonsspor som t.d. stolpehol. Det er difor vanskeleg å avgjera kor vidt her har vore innvendige veggar av tre og korleis takkonstruksjonen har vore. Utgravinga av tuft 11 indikerar likevel korleis vegg og tak kan ha vore i tuftene som er bygd på liknande måte. I tuft 11 vart det påvist indre veggriller, svill, som er tolka som spor etter indre treveggar. I enkelte tufter er det observert kantstilte heller på innsida av tørrmuren (tuft 6, 14, 16). Truleg representerar desse steinane fundament til ein indre trevegg, og tyder på at tuftene med slike heller også har hatt indre treveggar. Funn av stolpehol i tuft 1 viser at også taket på dette huset truleg var halde oppe av to stolperekkjer. Då fleire av dei andre tuftene liknar dei to tuftene 1 og 11 (tuft 3, 6, 7, 8, 10, 12 og 17), er det sannsynleg at desse har hatt den same konstruksjonen. Veggar av både stein og tre har gjeve lunare hus enn der ein berre har nytta det eine bygningsmaterialet. Ut frå påvising av kantstilte heller, i tillegg til likskap med tuft 11 i byggemåte, er det truleg at hovudrommet i alle tufter utanom tuft 2, 13 og 15 har hatt innvendige veggar av tre. Det er mogleg at også rom B i tuftene 1, 3, 6, 8 og 14 kan ha hatt indre treveggar. I dei resterande tuftene er dette lite truleg ut frå byggemåten. Framfor ein del av tuftene er det påvist ein hellelagt platting. Dette gjeld tuftene 1, 7, 8, 11 og 12, men fleire kan ha overgrodde plattingar. Det har truleg vore ein aktivitetsplass i dei lysopne områda utanfor bygningane. Utanfor tuft 1 var det dessutan bygd ei forhøging av heller som han ha vore brukt som benk. Då benken er plassert heilt inntil veggen, har ein her sete i ly for vinden frå nord og aust. Det er ikkje gjort funn av heller som kan knytast til takkonstruksjonen. Det er difor truleg at taket har vore tekka med torv, noko spor etter never også tyder på. Det er registrert meir enn 50 groper med trekol i Friksdalen, truleg i hovudsak kokegroper. Det er til saman registrert ti jordfaste steinar med skålgroper på Svolset. Det er mellom 1 og 50 groper på steinane; 26 50, 2, 9, 20, 10, 3, 1, 1, 2 og 19. Det viser seg at fleire av tuftene har ein skålgropstein liggande nær seg. Dette gjeld tuft 1, 2, 6, 9 og 10. Ved enkelte av desse tuftene, særleg tuft 6 som har ein slik stein like utanfor inngangen, er dette så påfallande at det knapt kan vera tilfeldig. Ut frå plasseringa er det sannsynleg at gropene er laga medan bygningane på Svolset var i bruk, i perioden frå romartid til vikingtid. Dei må ha inngått i ein rituell samanheng, slik det også er påvist i andre utmarksområde. Det er truleg registrert små åkerlappar på lokaliteten.
    kommune
    • 4640
    kulturminneId
    • 115761
    lokalId
    • 115761
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217