Busetjingsområde frå steinalder til moderne tid. Mest kjent frå historiske kjelders som kongssete for fleire sjøkongar og Harald Hårfagre. Fleire arkeologiske utgravingar, i perioden 1992-1994 og 2011-2012, har vist busetjingsspor i form av stolpehol, eldstader, kokegroper, vasshol/brønnar m.m. Staden har og vært kultplass med gravhaugar, bautasteinar, flatmarks- og båtgraver og funn knytt til desse. Fleire av desse er no fjerna.
Hovudsakeleg er spora etter aktivitet frå jernalder - frå før-romersk jernalder til vikingtid. Enkelte forstyrra steinalderlokalitetar er kjente. Første fasen av kjellarhaugen er knytt til bronsealder, samt eit avsviingslag aust for Kongshaugen. I middelalderen blei Olavskyrkja reist med tilhøyrande kongsgårdsanlegg og utbetring av hamneanlegget. Kongsgårdsanlegget gjekk ut av funksjon i etter-reformatorisk tid.