Stølsområdet på Heimste Friksdal er delt i to av elva Friksdøla. Dei tre dagens sel ligg på sørsida av elva. I tillegg er her sju tufter/ruinar, og på nordsida av elva i tillegg fire tufter/ruinar. Det er teke prøvestikk i åtte tufter/ruinar. Enkelte av ruinane har preg av å vera frå nyare tid, og desse er ikkje undersøkt. I enkelte av tuftene/ruinane var det restar etter bygningskonstruksjonen i form av treverk og bølgeblekk. Desse blir ikkje tekne med. Tuftene på Heimste Friksdal varierar meir i form enn tuftene på Svolset, lenger framme i dalen. Enkelte har berre synlege vollar, andre har restar etter muren, medan nokre enno har intakt mur. Dei er gjennomgåande noko mindre, i tillegg til at dei har annan konstruksjon med bruk av firkanta steinar som bygningsmateriale. Medan enkelte er tilnærma runde i forma, er dei fleste rektangulære. Nokre kokegroper er blitt undersøkt.