Det har gått ein geil ut frå tunet både på Henjum og Røysum, og desse to geilane er hekta saman slik at det har vore ein geil som har ført dyra ut i utmarka. Dette viser at dei to gardane har hatt delvis felles gardsstruktur med samarbeid om enkelte arbeidsoppgåver på garden. Ein del av denne felles geilen er enno intakt frå om lag 180 m nord for tunet på Henjum og 400 m nordvest for tunet på Røysum. Ei sjakt vart lagt inntil geilen for om mogleg å datera den i form av ei terminus post quem-datering. Ved geilen ligg ein åker avgrensa av ein bakkemur som også er blitt undersøkt. Med dette er målet å finna ut kor vidt geilen og åkeren er samtidige, i tillegg til å studera korleis meir perifere område av garden er brukt i forhold til den nære innmarka. Geil er ein struktur som vanlegvis vert knytt til jarnaldergarden.