Beskrivelse fra lokalitet:
Målsetningen med datainnsamlingen var å vurdera kva konsekvensar ei utbygging ville ha på kulturminna i vassdraget. P.g.a. økonomiske og dermed påfylgjande tidsmessige avgrensingar var arbeidet i felt konsentrert til dei områda som ville bli berørt av ei utbygging.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Innvendige mål: 5 x 3 m. Tufta er tydeleg markert. Tverrmuren i N og langmuren i A ser ut til å vera litt skada. Desse murane er ca 1,1m høge. Langmuren i V er delvis utrast i S. Denne muren er 0,8 m på høgste punkt. Tverrmuren i S som truleg har vore inngangspartiet i huset, har ein opning på 1,5 m midt i muren. På begge sider av dette partiet er muren 0,3 m på det høgste punktet. Murane er bygd av rundkamp i storleik frå 0,1 m i diameter til 0,4 m i diameter. I den nordlege delen av tufta ligg ein del rundkamp spreidd. Innvendig i tufta veks det gras og litt bmåbærlyng. På murane veks det lyng, blåbærlyng, gras og einer.