2021: Denne lokaliteten var fyrst registrert av Morten Bertheussen frå Østfold fylkeskommune hausten 2005, i samband med ei reservevassleidning gjennom Sarpsborg og Fredrikstad. Han summerer opp lokaliteten som fylgjande:
«På gården Moum østre (gnr. 622, bnr. 1) i Fredrikstad kommune ble det påvist 14 stolpehull etter forhistoriske bygninger og en udefinert grop. I tillegg ble det funnet et fragment av brent bein i et av stolpehullene. Funnene er fordelt på tre sjakter. En sjakt med et belte av mulig forhistorisk åker ligger sørvest for sjaktene med anleggspor. Sjaktene ligger på et flatt jorde med dyrket mark mellom Roald Amundsensvei og Sarpsborgveien. Anleggsporene og den mulige gammelåkeren vitner om forhistorisk gårdsbosetting, jordbruksaktivitet og annen aktivitet som kanskje kan knyttes til bygdeborgen og de mange gravminnene i området?»
Morten hadde i si tid berre ein avgrensa trase å halde seg til. Då vi suste over området att i september 2021 med heile jordet til rådigheit, hadde eg ei viss tru på at lokaliteten kom til å bli utvida ein del. Dette skjedde ikkje. Alle mine strukturar ligg innanfor lokalitetsavgrensinga frå 2005. Unntaka er A12 og A22, som ligg i vernesona. Eg har likevel utvida lokaliteten littegrann for å ha litt rom å gå på.
Sjølv fann eg til saman 16 stolpehol og 3 groper. Fleire av desse strukturane må vere dei same som Morten fann, men det er uråd å seie eksakt kva for nokon. Morten hadde ikkje dei moglegheitene for nøyaktig innmåling som det vi har i dag. Det er også mogleg at nokre av Morten sine stolpehol ikkje vart funne på vår registrering. Det vi kan slå fast er at Morten si tolking frå 2005 består. Vi har her restar av ein førhistorisk gardsbusetnad.
2005: Det ble etter maskinell sjakting påvist 14 stolpehull, en gammelåker og en udefinert nedgraving. Funn av ett fragment av brent bein i et av stolpehullene. Funnene er fordelt på fire sjakter.