Her er spor etter i alt tre gryteuttak nede ved markgrensa. To overlappar kvarande medan eit tredje ligg om lag 30 cm aust for dei andre. På berget ovanfor er det nyare inskripsjonar (namn og initialar). Desse er til dels sterkt overgrodde av mose og vanskeleg leselege.