Lokaliteten ligg på toppen av ei slukt på nordausteleg side av Bjønesøy ca. 50 meter SSA for lokalitet 2. Lokaliteten ligg inne på tunet på det før omtalte garden på Bjånesøy (lok.3), like vest for struktur 3. Lokaliteten ligg på toppen av ei slukt/eide som bikker nedover langs ei slukt i nord og nedover langs ein smal dal i sør (sjå vedlegg 3 og 5). Staden ligg godt i le med ein bergvegg i vest og ein langstrakt voll i øst. I steinbrukande tid då vannstanden stod høgare var dette eit lite eide med vatn inn frå to kantar, og hadde då to alternative havner. Dette var som tidlegare anmerka ein god lokaliseringsfaktor for buplassar frå steinalderen. Buplassen ligg på frå ca. 23 til 25 meter over havet og har en utstrekning på ca. 15 meter NNV-SSA og ca. 10 meter A-V (ca. 150 m2). I NNV, V og S avgrensast lokaliteten av negative prøvestikk. Mot aust blir lokaliteten avgrensa av ein lav voll samt negstivt prøvestikk (sjå vedlegg 5). Toppen av eidet bærer preg av å ha vore rydda. Denne er i dag delvis gjenvaksen med innslag av rogn, hassel, selje, furu og bjørk. Av underskog er det her lyng, gras, mose og brake. Det vart totalt tatt seks prøvestikk på lokaliteten, hvorav to var positive.