Lokaliteten ligg i eit lite A-V gåande søkk på toppen av eit lite nes nordaust på Bjånesøy (sjå vedlegg 3). Lokaliteten ligg på toppen av søkket som bikker svakt nedover langs ei lita slukt i øst og likeeins i vest (sjå vedlegg 3 og 5). Staden ligg godt i le med ein voll i nord og fleire bergryggar i sør og aust. I steinbrukande tid då vannstanden stod høgare var dette eit lite eide/nes med vatn inn frå to kantar, og hadde då to alternative havner samt god utsikt over området. Dette var som tidlegare anmerka ein god lokaliseringsfaktor for buplassar frå steinalderen. Buplassen ligg på ca. 14 meter over havet og har en utstrekning på ca. 15 meter aust-vest og ca. 10 meter nord-sør (ca. 150 m2). Lokaliteten vert godt avgrensa av topografiske forhold (sjå vedlegg 5). Toppen av eidet bærer preg av å ha vore rydda. Denne er i dag delvis gjenvaksen med innslag av røsslyng, brake, gras og mose Det er også innslag av furu og bjørk på staden. Det vart totalt tatt fire prøvestikk på lokaliteten, hvorav tre var positive. Lokaliteten ligg innanfor planområdet, og er såleis i konflikt med denne