Til høgre for stien fører det eit steingjerde inn mot opninga av ein heller; helleropninga vender nordaustover mot fjellveggen. Helleren er under steinblokk, rydda plass til 2. Krøteret brukte å søkja tilhald under helleren for å svala seg når det var varmt. Men takhøgda er berre 1,1m, men sauer og geiter kunne iallfall koma inn, og kyr av den gamle rasen var små av vekst, så kviger og kalver kunne nok koma inn. I ura mellom helleren og fjellveggen er det planta kirsebærtre. Ein dag hjuringen gjette krøter her, høyrde han eit barn skrika inne i fjellet og ropte: "Lat opp, lat opp!" Deretter høyrde han at mora let opp døra, og så blei det stilt. Krøtera merka det også og tok på sprang. Og hjuringen blei så redd at han laut halda seg heime neste dag.