Lokaliteten ligg sørvest på Dørøya om lag 10 moh, på ein graskledd noko myrlendt flate i eit drag som går nordvest-søraust. Lokaliteten er såleis stort sett avgrensa av topografien: mot sørvest og nordaust ligg bergknausar, og i nordaustre enden av lokaliteten er det ein smal passasje i berget mot aust, nesten sperra av store steinblokker/berg (figur). I søraust er lokaliteten avgrensa av bergryggar som ligg ved kanten av ein bratt skråning ned mot ei vik. Mot nordvest er lokaliteten avgrensa ved ei forhøging i terrenget, der grunnen består av steinar med tynn overdekking og der det ikkje vart funne lausmassar. Lokaliteten er på om lag 270 m2.