I området vart det totalt tatt 35 prøvestikk, av desse var 10 positive. Ut frå spreiinga av dei positive stikka er det skilt ut to lokalitetar. Funna består av avslag i flint, kvarts og bergkrystall. Avslaget av bergkrystall har spor av retusj og bruksspor - har kanskje vore brukt som bor/skrapar. Funna låg i hovudsak 20-40cm djupt i eit gruslag i ovargangen frå torv. I PS 20 vart det påvist eit trekolhaldig lag 30-35cm under matkoverflata. I laget var det ei samlig med stein; nokre av desse var skjørbrente (mogleg eldstad).