Samlinga som inneheld to tufter og ei røys, har ei største utstrekning på kring 40 x 35 m, orientert VNV-OSO.Tufta fk.nr. 3 vert markert av to 11 m lange veggvollar, orientert ONO-VSV. Vollane er opptil 3,5 m breie og det er kring 1,5 m mellom dei. Høgda på vollane er 0,2-0,3 m. Tufta er tilvaksen med eit gras- og mosedekke. I O går vollane inntil ein låg hammar. I kvar av veggvollane er det grave ei grop. Gropa i den austlege vollen måler 2,5 x 1,5 m og er 0,3 m djup, medan gropa i den vestlege vollen er 1 m vid og 0,2-0,3 m djup. I gropene ser ein byggematerialet som er 0,1-0,2 m store skifrige steinar.Gravrøysa fk.nr. 4 ligg 30 m NNV for fk.nr. 3. Ho er 8 m i tverrmål og 0,2-0,3 m høg. Røysa er delvis tilvaksen med eit tjukt mosedekke. I nordlege del av røysa er det eit kring 4 x 2,5 m stort og 0,2-0,3 m djupt søkk, orientert O-V. I sørlege del av røysa er eit 2 m vidt og 0,2-0,3 m djupt søkk. Mellom søkka ligg ein del 0,2-0,3 m store, skifrige steinar i dagen. Røysa er uklårt markert og lite synleg i lendet.20 m SSV for fk.nr. 4 ligg ei tuft (nyreg.). Ho vert markert av to veggvollar som er 6 m lange og orienterte NNO-SSV. Den austlege vollen er 1,5 m brei og den vestlege 2 m. Avstanden mellom vollane er kring 3 m. Tufta er open i S og endar i ein berghammar i N. Veggvollane er heilt overgrodde med tynn grastorv. I sørlege ende av den austlege vollen ligg ei stor blokk delvis i dagen.