Sjakta med det førhistoriske dyrkingslaget vart lagt i skråninga opp mot nordaustre grense av planområdet, om lag 15-20 moh. Sjakta var 16,3 m lang og 4 m brei, og låg i retning aust/nordaust-vest/sørvest. Det vart teke ut ein trekolprøve frå dyrkingslaget som vart send til Nasjonallaboratoriet for 14C-datering ved NTNU i Trondheim, og fekk ei datering til 2735 ± 115 BP, kalibrert alder BC 1000-800, yngre bronsealder.