• 1194

    id
    • 1194
    datafangstdato
    • 1980-03-19T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:10:27Z
    informasjon
    • Anlegget består av minst 3 hustufter, 1 nausttuft, 8 gravrøyser/-hauger, ei rund grop og gamal innmark. Lengst i NV ca 25 m SSA for stranda der det er ei lita skore i berget:1. Nausttuft med svakt utbua veggjer. Orientert NV-SA. Klårt markert, ligg noko skjult i lendet. Graskledd. Ein heil del stein syner i veggjene som tykkjest vera i turrmur av nokså små steinar. Noko utrasa, mest på innsida, men verkar ellers godt bevart. Br. ca 1-1,25 m, h. ca 0,5 m. Langveggjene er i NV avslutta med to store steinar, ein på kvar side. Golvet heller mot NV der det er open gavl. L. 18,5 m, br. i endane ca 6 m, på midten ca 7 m. Opninga i NV er 3,5 m br. innvendes målt. Ca 95 m ASA for 1: 2. Rund grop. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Graskledd, 3 små or i ANA kant. Ingen synlege steinar. Stykkjevis syner ein uklår ca 1,5 m br. og 0,1-0,15 m h. voll langs kanten. Indre d. ca 3,5 m, djupne ca 0,3 m. Ca 75 m SA for 2: 3. Rundrøys. Vekslande markert, nokså godt synleg ilendet. Delvis graskledd. Ein god del stein syner. Omrota og noko avflata på toppen. D. ca 7 m, h. 0,5-0,75 m. I eit lite søkk ca 26 m ASA for 3:4. Rektangulær hustuft. Orientert NV-SA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Gras-og mosekledd. Ein del stein syner i veggjene som er utrasa og nå ca 1,5 m br. og opptil 0,5 m h. Steinvegg vantar i SA ende. NA langvegg ligg inn mot bakkjen. Golvet heller mot NV og midt på er det ein avsats som gir ein høydeskilnad på 0,2 m der. L. ca 12 m, br. ca 6 m. Ca 5 m S for 4: 5. Rektangulær hustuft. Orientert VNV-ASA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Graskledd. Ein del stein syner i veggjene som er utrasa, 1-2 m br. og opptil 0,65 m h. Flatt golv. L. ca 22 m, br. ca 6 m. På høyde ca 16 m NNA for midten av 5:6. Rundrøys. Nokså klårt markert, mindre godt synleg i lendet. Graskledd, noko smått lauvkratt. Ein heil del stein syner. Mykje omrota i midten. D. ca 8 m, h. ca 0,75 m. Ca 1 m SA for 6: 7. Rundrøys. Vekslande markert, mindre godt synleg. Graskledd, noko klung. Ein god del stein syner. I V kant ligg ei helle ca 1,45 x 0,75 m stor og ca 0,1 m tjukk. Mykje omrota. D. ca 7 m, h. ca 0,5 m. Ca 0,5 m ASA for 7: 8. Rundrøys. Uklårt markert, mindre godt synleg. Graskledd. Ein del stein syner. Fjell stikk fram i SSA kant. Omrota. D. ca 5 m, h. ca 0,5 m. Ca 5 m SSV for ASA ende av 5: 9. Rundhaug. Klårt markert, godt synleg i lendet. Graskledd. Noko stein syner. Truleg bygd over ein liten bergknatt. Fjell stikk fram i N og V kant. Oppgravt i midten der det ligg ei helle og ellers er spor som tyder på eit minst 2,5 m l. gravkammer. Orientert N-S. Nå samanrasa. Ellers godt bevart. D. ca 12 m, h. 1,75-2,25 m. Ca 45 m SA for 9: 10. Rektangulær hustuft. Orientert ca ASA-VNV. Vekslande markert, mindre godt synleg i lendet. Graskledd, litt lyng. Ein del stein syner i nedrasa murar som er omlag 1-2 m br. og opptil 0,5 m h. Golvet hellar svakt mot VNV. På SSV sida er det eit utbygg ca 8 x 3 m stort inntil langveggen og parallelt med den.Ca 2 m utafor VNV ende, som ligg i nokså bratt helling, er ei steinrekkje parallelt med endeveggen og med ein del stein i mellomromet. L. ca 20 m, br. ca 6,5 m. På ein bergknatt ca 20 m S for 10: 11. Rundhaug. Uklårt markert, lite synleg i lendet. Gras- og lyngkledd. Få synlege steinar. Fjell syner i kanten. usikker. D. ca 5 m, h. ca 0,3 m. På bergknatt ca 2,2 m SV for 11: 12. Rundrøys. Vekslande markert, mindre godt synleg i lendet. Delvis lyng- kledd, ein god del stein syner. Svært omrota. Spor etter fotkjede i N kant. D. ca 5 m, h. ca 0,5 m. Ca 19 m NV for 12: 13. rundhaug. Klårt markert, godt synleg i lendet. Gras- og lyngkledd. Noko stein syner. I SV kant stikk fjellet haugen er bygd over fram i dagen. I midten ope gravkammer. Orientert NA-SV. Bygd av kantreiste stein eller heller i lang- og endeveggar. L. ca 2,4 m, br. ca 0,6 m, djupne opptil 0,6 m. Ved S kant ligg ei helle ca 1,4 x 1,2 m stor og ca 0,1 m tjukk. Fotkjede syner stykkevis. D. ca 8 m, h. ca 1,5 m. Gamal innmark.
    kommune
    • 1103
    kulturminneId
    • 44236
    lokalId
    • 1194
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Arkeologisk museum
    versjonId
    • 20210217