Røysa er 14 m lang NO-SV og 11 m NV-SO. Ein skalk i SO vart fjerna då hagen blei laga. Sett frå N og V er røysa minst 1,5 m høg, medan røysa i SO er i nivå med plenen. Røysa er bygd av nakne, 0,1 - 0,7 m store steinar/blokker, dei fleste kring 0,4 m. Toppen av røysa er avflata og ho er noko utkasta i NV. Det står ei stor selje i midten av røysa, og ei bjørk i nordvestre kant. Elles veks det lavendel på røysa. Røysa er klårt markert og godt synleg i lendet.