WP 020. Varp. Ligg kloss i ferdslevegen, ein godt markert sti, som går frå Ålvik til Muren (støl), forbi Dyranes, og vidare mot Voss. Høgfjellsterreng. Flatare myrområde med bergknausar og spreidde morenehaugar. Ligg i eit flattare parti eit nivå over vatnet. Bratt ned til vatnet i A. Fjellet stig bratt opp mot området Brattafornn i V. Ligg langs ferdslevegen ca 200 meter SV for "eide" på innsida av Dyranes, i retning Brattafonn. Varpet ligg på venstre side av stien når ein kjem opp frå Ålvik. Det ligg oppå ei stor steinblokk, ca 2 x 1,5 meter stor og ca 1 - 1,2 meter høg. Flat oppå. Det er kasta mykje nevestor og mindre steinar opp på blokka. Dette er eit spesielt fint varp.