• 120919-1

    id
    • 120919-1
    datafangstdato
    • 2008-09-02T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2008-12-04T13:32:31Z
    informasjon
    • WP 022. Hellar. Strekker seg ca 40 meter NNA - SSV. 2 - 2,5 meter dråpefall. Hellaren gjer godt ly for nordavind. Kulturlag med mykje trekom under topplag med stein. I den S delen er hellaren utsprengt for å gje større plass for opplag av båt. Det ligg derfor eit lag med yngre steinmasse oppa intakt kulturlag i denne delen. Det ligg nyare tids gjenstandar i hellaren. Boltar med kjetting festa til fjellet for å halde på plass dyra. Funna tyder bå bruk av hellaren også i nyare tid i samband med husdyrhald/beite og/eller ferdsle. Kulturlaget i hellaren er radiologisk datert til tidleg mellomalder, og er i bruk ein periode før tufta frå mellomladeren vert bygd lenger S på eidet. Sentralt i hellaren er det rester etter oppmuring av eit "rom". Det er også synlege murar i N enden av hellaren. Ein del nedrasa steinblokker ligg spreidd i hellaren, særleg i N. Høgfjellsterreng. Flatare gras, lyng og einergrodd "eide" mellom fastlandet og Dyraneset som stikker ut i Bjølsegrøvatnet. Markert terrengformasjon. Morenemassar på heile "eidet". Bratte bergveggar på begge sider av "eidet". Bjørkaviki, den N vika, går heilt inn til hellaren. Vatnet er regulert. Ved full vasstand ligg vasspegelen ca 1 meter lågare enn hellaren. Ved registreringa var vatnet mykje nedtappa, med vasspegelen ca 5 meter under hellaren. Hellaren igg inn under bergoverheng som strekker seg NNA-SSV på fastlandsida av "eidet" på Dyraneset. Hellaren ligg kloss i ferdslevegen, ein godt markert sti med varp og vardar, går frå Dyraneset og opp over hellaren, til Muren (støl), og vidare mot Voss.
    kommune
    • 4622
    kulturminneId
    • 120919-1
    lokalId
    • 120919-1
    målemetode
    • 63
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T03:21:35Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217