Beskrivelse fra lokalitet:
WP 090. Skålgropfelt. Det er registrert ei rekkje kulturminne inne på stølsvollane Nystøl og Fagrasete, samt i området mellom desse. På Nystøl er det 4 ståande stølshus og 2 fjøs, medan Fagrasete er ein nedlagd støl. Dei registrerte kulturminna skriv seg både frå førhistorisk tid og nyare tid. Det er registrert tufter, skålgroplokalitetar, kolgroper og kisgruver i området.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 090. Skålgropfelt. Eit svaberg, hellande mot S, ligg sentralt på stølsvollen like SV for eit stølshus. Store delar av berget, som strekker seg heilt opp til stølshuset er dekka av grastorv og mose. I eit område lengst S ligg berget opent. Her er berget ca 0,5 meter høgt med rett side ned til grasbakken. Denne delen av berget fungerer som en benk for folket på stølen. Det er sett opp eit steinbord og steinbenk på staden. Skålgropene ligg i solhellinga heilt S på berget. 2 skålgroper. Grop 1 som ligg lengst N er 5 cm i tvm og 1,5 cm djup. Bua ned mot botnen. Grop 2 er 6 cm i tvm og 2,5 cm djup. Bua ned mot botnen. Litt slitasje og vitring. Berre 2 - 3 kvm av berget ligg opent. Kan være fleire groper på de delene av berget som er dekket av grastorv og mose.