Beskrivelse fra lokalitet:
WP 098 Gravminne. Det er registrert ei rekkje kulturminne i dette området, både frå førhistorisk tid og nyare tid. Kulturminna er knytt til framstilling av trekol, dyrking, støling, busetnad med gravminner, m.v.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
WP 098. Gravminne. Langhaug, truleg bygd over berg. Ca 10 meter lang og 5 meter breid på midten. Smalnar inn mot endane. 1 - 1,5 meter høg. Orientert A-V. Jord og steinblanda. Regelmessig og klar i forma. Haugen ligg i beitemark, høgt og fritt med stort utsyn særleg mot S. Ein holveg går forbi tett N for haugen.