Beskrivelse fra lokalitet:
Verdfullt stølsmiljø på Hyrting, med ståande sel, ruinar, rydningar, steingardar og hole. WP 074. Varp. Ligg attmed stølsvegen/driftevegen i lia mellom Blomsete og Hyrting. Stølsvegen/driftevegen kjem opp frå Blomsete og går innom Hyrting før den går vidare til stølen Laupsaflyanæ og vidare inn over fjellet. Vegen er tydeleg og er bygd opp med trapper og oppmuringar i bratte parti.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Varpet er lagt opp på ei steinblokk som ligg attmed stølsvegen/driftevegen. Like A for vegen. Steinblokka har trekanta form, med spissen mot N. Om lag 2,5 meter lang og vel 1 meter brei S enden. 0,8 meter høg. Mindre steinar, nokre større er lagt opp på steinblokka. For det meste er det små flate heller. Ein lang stein er sett opp på toppen av varpet som varde.