Røysa er heilt overgrodd av ris, sprake- og lauvtrekratt. Markeringa er difor svært uklår, men tverrmålet ser ut til å vere 8-9 m. I N går røysa i eitt med lendet, medan ho frå S kan vere opp til 1 m høg. Sentrum av røysa er utkasta. Her er eit søkk som kan vere kring 5 x 4 m orientert O-V og 1 m djupt. I dette søkket ligg det opp til 1 m store blokker i dagen som er sterkt tilgrodde med mose. I sørlege kant av røysa er det lagt innpå ein del steinar/blokker i samband med dyrking.