Fetts fk. 4/1. Kleberbrot, skildra av Egil Bakka i innberetning av 25.5.1966: "...merke etter at det har vore teke ut kleberstein i loddrett vegg. Der er hoggemerke over 20 - 30 m, frå botnen og 2 - 3 m opp, framfor hoggestadene ligg ein voll av grus og stein, mogeleg for ein del hoggeavfall og for ein del massar som er gravne bort til å frileggja klebersteinen i berget. Her er alle stader hoggemerke etter ein hakkeliknande reidskap, og til saman truleg over 20 stk., eit par stader står runde gryteemne i veggen, dei syner vikingtids bolleform og står med botnen ut." Ved registreringa 18.4.77 var kleberbrotet i same stand som nemnt av Bakka. Det kan leggjast til at lengda er ca. 30 m i retning VNV-OSO. Godt utsyn mot N og NO utetter vågen og lett tilkomst med båt til staden. Kulturlag, funne ved registreringa 18.4.77, ligg mellom kelberbrotet og sjøen, frå NO-kant av vollen framfor brotet og 6 - 7 m utover flata til ein brattkant der berget fell 6 - 7 m bratt ned til sjøen. Her er ein opning i lauvskogen som merkjer seg ut med slettare mark enn lendet ikring. Ved prøvestikk vart funne eit kolhaldig kulturlag innanfor eit område på ca. 15 x 6 m. Eit par m frå brattkanten mot sjøen var det ein markert trekolkonsentrasjon i eit stikk, dei andre hadde meir spreidde kolbitar og noko mørk jord mellom grus og småstein. I alle stikk vart funne bitar av kleberstein i det kolhaldige jordlaget. Eit stikk nær vollen mot kleberbrotet synte eit 15 - 20 cm tjukt, raudbrunt, aurliknande jordlag under 10 cm lyngtorvhumus. Under det raudbrune laget fanst trekolhaldig jord. Dette kan tolkast som ein veggvoll, men kan og vera sigejord frå vollen. Ein såg ikkje sikre merke etter tufter, sjølv om slike godt kan liggja under torvsvoren her. Det vart ikkje gjort daterande funn.