• 122958_2

    id
    • 122958_2
    datafangstdato
    • 2006-06-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-01-16T16:18:13Z
    informasjon
    • Eit stort område med ei mengd røyser og haugar i ulik storleik. Desse utgjer sannsynleg eit audegardsanlegg med rydningsrøyser og graver. Myra aust for området heiter Tingstadmyra, og det kan tyde på at denne plassen ein gong har vore ein gard ved navn Tingstad. Ifølge Oluf Rygh kjem dei fleste slike namn av mannsnavnet Tengill, men det kan og kome av tingstad (som i samlingsplass). Det at garden vart liggande aude kan tyde på ein perifer og harddriven gard, og ikkje ein sentralgard som ein kunne vente om namnet tydar samlingsplass. Stad-navn med personnavn høyrer vanlegvis til gardar etablerte i den yngre jernalderen, noko som stemmer godt med datering av ei kokegrop herifrå. Området er kartlagt i fleire omgangar på 1990- og 2000-talet. Første gong var i 1996, da Kristine Bjørndal beskriv 10 gravrøyser (nr. 1-10) i eit avgrensa område aust for industriområdet og sør for anleggsvegen gjennom skogen. Ho nemner og to skadde røyser litt lenger vest inne i anleggsområdet (A og B). Seinare same år synfarte Bjørn Ringstad gravfeltet og registrerte totalt 41 røyser. Han omtaler dei nye funna som røyser, ikkje gravrøyser. I kartet som følger med rapporten, manglar av ukjent grunn nr. 2, 12, 38 og 39. Dei er imidlertid beskrivne med tekst, og ligg difor inne i lokaliteten som enkeltminne utan geometri. Nr. 2 let seg plassere ut frå Bjørndals rapport. I tillegg har Ringstad avmerka fire punkt med spørjetegn i kartet. Dei er lagt inn i lokaliteten som enkeltminne 58-61. I 2006 gjorde MRFK ei ny kartlegging, kor det vart registrert enda 15 gravrøyser. Desse er beskrivne i rapport av Heidi Haugene frå 2007. Ho omtaler alle røysene (nr. 1-57) som gravrøyser, så dei er lagt inn som det i lokaliteten. Men sannsynleg er dei fleste mindre røysene rydningsrøyser. Ein rapport av Eilev Linge frå 2012 beskriv 3 ulovlege inngrep i kulturminnet, kor fleire røyser har blitt fjerna eller komme til skades. Skadeverk 1: Røys 7 og 8 var tildekt av oppgravde massar. Skadeverk 2: I den austre delen av feltet. Her er det blottlagt mange ukjende røyser (nr. 58-71). 3 av dei kjende røysene (nr. 16, 46, 47) var skadde, og nr. 50 var heilt borte. Skadeverk 3: Oppgrave område nordaust i lokaliteten. Her kom det fram ein kol- og steinstruktur (nr. 72) tolka som ei mogleg kokegrop. I 2019 gjorde MRFK ei ny undersøking i samband med utviding av industriområdet. Det vart da funne 9 nye røyser. Rapporten er skriven i 2020 av Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad.
    kommune
    • 1576
    kulturminneId
    • 122958
    lokalId
    • 122958_2
    målemetode
    • 56
    nøyaktighet
    • 300
    oppdateringsdato
    • 2026-01-16T16:25:29Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217