Gravminnet på Gamlestølen ligg på ein liten fastmarkstange ned mot Gamlestølsmyra. Den består av ein steinring med tilnærma diameter mellom 5 - 5,5m, (største diameter nord-sør). Steinringen har nok opphavleg vore sirkelrund, men er no litt nedsigen mot sørsida. I steinsirkelen ligg etter det ein kan sjå 33 steinar, ca. 35-45cm lange. Steinane er utvalde med omhug, dei fleste er langstrakte og smalnar av mot begge endar, og ligg på høgkant. Steinane til gravnminnet må vere borne opp frå elva, ca. 150m nedanfor. Inanfor steinringen er oppvakse to bjørker. I midten av steinringen er ei forsenking eller grop som no er ca. 30-35cm djup, med diameter ca. 1m. Denne må vere utgraven for lang tid sidan, og kan vere gjort av rovdyr, t.d. jerv eller bjørn i si tid. Syv steinar, mindre og meir rundkanta enn dei som er i ringen, ligg tilfeldig spreidd på eine sida av gropa. Desse har muligens tidlegare vore lagt over senteret av gravminnet. Slik steinane ligg no, forsterkes inntrykket av at gropa i si tid er utgraven av rovdyr. Steinringen er forseggjort.