Lokaliteten ligg på ei hylle, vel 13 meter over havet. Her er tidlegare dyrka mark, men no attgrodd med tjukk torv og lauvkratt. Flata er tuvete og lettare kuppert. Funn i torvlaget viser at området har vore drive tidlegare. Framkanten av hylla skrår relativt bratt ned mot nord, medan bakkant i sør skrår sterkt oppover. I aust og vest skrår sidene slakt nedover. I aust noko meir kuppert enn i vest. Omlag 50 meter ned mot nord ligg kaia og sjøhusa der. Det vart tatt fleire prøvestikk på flata, men berre eit gav indikasjon på eldre kulturhistorisk aktivitet. Prøvestikket var vel 50 cm. djupt, der lag 1 er vel 20 cm. tjukt med torv og matjord. under dette eit 3 cm. tjukt lag med trekol, som ligg på eit nær 30 cm. tjukt lag med gråbrun sand. Lokaliteten ser ut til å vera liten. Sjølve flata er vel 14 gange 7 meter, men prøvestikk viser at kollinsa avgrensar seg til området rundt stikk nummer 1. Det er ut i frå funna uråd å seia noko om alder eller funksjon til lokaliteten, men den er etter alt å døme førhistorisk.